Lutro Hytteutleige er ein familiebedrift som driv utleige av 3 ulike feriebustader i tillegg til drift av fruktgard med moreller, plommer og eple. Lutro ligg midt i hjarte av Hardanger, på austsida av Sørfjorden, midt i mellom kommunesenteret Kinsarvik og Lofthus.

Dei tre utleigeobjekta våre er ulike, men er alle svært sjarmerande på kvar sin måte. Vårt ynskje og mål med utleigeverksemda er å tilby gode alternativ til hotell og campingovernatting i rolege omgivnader. I vårt distrikt har vi ei rekkje attraksjonar for både store og små. Mikkelparken, Trolltunga, Dronningstien og Husedalen er noko av dem.

Les meir og se bilder av attraksjonar i nærområdet.

 

 

Gamlastovo


Hardanger Kinsarvik Lutro Hytte 2

Gamlastovo er ei over 250 år gamal tømmerstove som er påbygd i nyare tid. Gamlastovo består av ei stor stove med sofahjørne og spisebord, kjøkken, to soverom med totalt 6 sengeplasser og eit fullt utstyrt bad med vaskemaskin.

Les meir og se bilder

 

 

Solhaug


Hardanger Kinsarvik Lutro Hytte 12

Solhaug er ei sjarmerande hytte med ein fantastisk utsikt over Sørfjorden! Solhaug ligg for seg sjølv med eigen avskjerma hage og i tillegg har den ein liten takoverbygd terrasse. Hytta har tre soverom med totalt 6 sengeplasser.

Les meir og se bilder

 

 

Kårhuset


Hardanger Kinsarvik Lutro Hytte 19

Kårhuset er ein eldre bustad med totalt 8 sengeplasser fordelt på 4 dobbelrom. Kårhuset består elles av eit fullt utstyrt bad med vaskemaskin, kjøkken og stove med TV.

Les meir og se bilder

 

 

Opplevingar

.
Opplevelser Hardanger

I vårt distrikt har vi ei rekkje attraksjonar for både store og små. Mikkelparken, Trolltunga, Dronningstien og Husedalen er noko av dem.

Les meir og se bilder

 

 

Kontakt oss

Dersom du ynskjer å leige ein av våre hytter kan du bruke kontaktskjemaet eller ta kontakt på telefon 994 56 020.

 

 

 

Her finn du oss.
12px mellomrom

Kart Lutro Hytteutleige

Lutro Hytteutleige held til 6 km sør for Kinsarvik og 4 km nord for Lofthus, like ved Rv 13. Sjå etter dette skiltet på høgre sida av vegen om du kjem frå nord (Kinsarvik) eller på venstre side om du kjem frå sør (Lofthus). Klikk på kartet for å navigere.