Opplevingar

I vårt distrikt har vi ei rekkje attraksjonar for både store og små:

 

 

Mikkelparken

.

I Kinsarvik ligg familieparken Mikkelparken som er den perfekte staden for barnefamiliar. Mikkelparken ligg berre 6 km frå Lutro Hytteutleige og du køyrer dit på 7-8 minutter.

Les meir på Mikkelparken.no

 

 

Trolltunga

.
Foto: Trolltunga Active AS

Distriktet har fleire flotte turar, kor den mest ekstreme nok er Trolltunga med utgangspunkt i Tyssedal som ligg 3 mil sør for Lutro Hytteutleige.

 

 

Dronningstien

.

Mellom Kinsarvik og Lofthus kan du også gå Dronningstien, ein flott tur på toppane over Sørfjorden.

 

 

Husedalen og dei 4 fossane

.

Foto: Trond Tandberg/Ullensvang Næringsforum

Frå Kinsarvik kan du også gå stien gjennom Husedalen og forbi dei 4 fossane Tveitafossen, Nyastølsfossen, Nykkjesøyfossen og Søtefossen. Dette er vel verdt turen og den kan gjennomførast av både born og vaksne.

 

 

Våre hytter